
Møter maritim næring om tryggleik og beredskap
Torsdag inviterer fiskeri- og havministeren sentrale aktørar frå maritim næring, offentlege etatar og organisasjonar til eit møte om maritim tryggleik og beredskap.
– Maritim tryggleik i våre nærområde er viktig for regjeringa. Skipsfarten og den maritime næringa har ressursar og verdiar som er av stor strategisk tyding for Noreg. I den krevjande tryggingspolitiske situasjonen vi står i, må vi gjere det vi kan for å redusere risikoen for uønskte hendingar. Difor er det viktig å samle aktørar til dialog om situasjonen og kva vi kan gjere. Vi må saman styrkje beredskapen og hindre tryggleikstrugande maritim verksemd, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Føremålet med møtet er å presentere den nasjonale tryggleiksstrategien og rolla maritim tryggleik spelar i denne. I tillegg ønskjer ein innspel frå næringa om korleis eit meir komplekst trusselbilete påverkar maritim verksemd, forsyningskjeder, kritisk infrastruktur og konkurranseevne.
På møtet deltek representantar frå Det norske maskinistforbund, Etterretningstjenesten, Kystrederiene, Kystverket, Maritimt Forum, NHO Sjøfart, Norges Rederiforbund, Norsk Industri, Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffiserforbund, Norske Havner, NSM, PST og Sjøfartsdirektoratet.
Møtet finn stad i Nærings- og fiskeridepartementet.